Skadegjerarar på grøntanleggsplanter

3. mars 2009

Sopp, bakterier, virus og skadedyr, snegler, grøntanleggshygiene.
Det er mange planter ein må unngå eller vera varsam med å bruka i grøntanlegg på grunn av skadegjerarar. Nokre er det forbod mot å planta, så som pile- og bulkemispel, på grunn av pærebrann. Eit anna døme er ask, der det no er restriksjonar på flytting av askeplanter til smittefrie soner på grunn av askeskotsjuke. Dessutan er det mange planteartar og -sortar som er så utsette for skade at ein i mange anlegg bør unngå dei på grunn av redusert prydverdi, til dømes får hagtorn ofte hagtornrust dersom det veks vanleg einer i nærleiken. Vi har også tatt med ein del planteartar som år om anna vert meir eller mindre skadde ved nokre lokalitetar, tildø mes barlind og laurbærhegg. Vi meiner ikkje at desse plantene bør ut av bruk, men vi vil berre gjera merksam på problem som kan førekoma. Vi vil vidare gjera merksam på at dette ikkje er nokon fullstendig oversikt over skadegjerarar som er funne i grøntanlegg i Noreg. Det er avgrensa med tekst om dei ulike skadegjerarane (sopp, bakteriar, virus og skadedyr), men dersom vidare lesing er ynskjeleg, har vi synt til andre publikasjonar ved Bioforsk. Artikkelen er delt i fire kapittel; Lignosar, Staudar, Utplantingsplanter og Grøntanleggshygiene. Lignosane og staudane er organiserte alfabetisk etter norske namn på vertplantene. Under utplantingsplanter er det ein generell del om soppsjukdomar som går på fleire planteartar, og så nokre døme på artsspesifikke soppsjukdomar. Under grøntanleggshygiene er det lista opp aktuelle tiltak som kan vera med på å halda plantene friske i grøntanlegg, i tillegg til eit avsnitt om iberiaskogsnigel. Det er fokus på symptombilete i artikkelen. Under kvar kategori (vertplante, sjukdom eller iberiaskogsnigel) er det ei samling med bilete. Biletsamlingane er nummererte 1 – 44 og har 2-9 delbilete (A-I), som det er vist til i teksten. Delar av dette arbeidet vart utført i prosjektet ”Planter for norsk klima”.

Forfatter:
Venche Talgø
Anette Sundbye
et al.
Utgivelsesår:
2009
Utgiver:
FAGUS
Type publikasjon:
FAGUS Fakta
Rapport Nr:
3
Sideantall:
25